mandag 18. mai 2015

Dayton hamvention - dag 3

Det er søndag 17. mai i Hara Arena, Dayton, men norske flagg er nok ikkje å sjå her. Nye rundar og mykje å få lyst på. 

Kunstferdig presisjonsmekanikk. 

Av dei mange ulike sesjonane i ulike tema, blei vi oppdaterte på Yaesu c4fm og System Fusion, eit av fleire digitale modi, og kanskje det som er i størst vekst akkurat no. Yaesu har sponsa digitale repeaterar i mange amerikanske byar, og er på veg til å ta amatørsamfunnet med storm. Tidlegare har icom sitt dstar vore populært, men Yaesu har tydelegvis god kontakt med grasrota. Produksjon av repeaterane dr-1x og mobilradioen ftm-400dr går for full maskin. 

Her er 'vår' montert i leigebilen. 

Ham Radio Outlet selde ut 400-apparata fyrste dagen, og handapparatet ft1dr blei også rivne bort. Det nye ft2dr vart forseinka så det kjem ikkje før i juni. 
Vi fekk høyre at Western gjengen har putla litt med repeateren DR-1x, og ved hjelp av ein raspberry-pi m.m. fekk dei den til å også køyre dstar. Spennande. 

Siste rest av utstillarar riggar ned. Trekning av gevinster for til saman $60000. Men vi slapp å vinne - det hadde nok blitt overvekt. 

Pause på returen. N.Y. neste. 

Mike - N3VOP - vart ein lang samtale på 146,52 MHz FM. Her køyrde vi forbi i 70mph. Seinare møtte vi han på ein kaffistogg. 

Glimt av bilparken. 

Artig finesse på vår Buick LaCrosse. Indikator i sidespegel for bilar i blindsona. 

Kvelden 17. mai. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar