mandag 18. mai 2015

Dayton hamvention - dag 3

Det er søndag 17. mai i Hara Arena, Dayton, men norske flagg er nok ikkje å sjå her. Nye rundar og mykje å få lyst på. 

Kunstferdig presisjonsmekanikk. 

Av dei mange ulike sesjonane i ulike tema, blei vi oppdaterte på Yaesu c4fm og System Fusion, eit av fleire digitale modi, og kanskje det som er i størst vekst akkurat no. Yaesu har sponsa digitale repeaterar i mange amerikanske byar, og er på veg til å ta amatørsamfunnet med storm. Tidlegare har icom sitt dstar vore populært, men Yaesu har tydelegvis god kontakt med grasrota. Produksjon av repeaterane dr-1x og mobilradioen ftm-400dr går for full maskin. 

Her er 'vår' montert i leigebilen. 

Ham Radio Outlet selde ut 400-apparata fyrste dagen, og handapparatet ft1dr blei også rivne bort. Det nye ft2dr vart forseinka så det kjem ikkje før i juni. 
Vi fekk høyre at Western gjengen har putla litt med repeateren DR-1x, og ved hjelp av ein raspberry-pi m.m. fekk dei den til å også køyre dstar. Spennande. 

Siste rest av utstillarar riggar ned. Trekning av gevinster for til saman $60000. Men vi slapp å vinne - det hadde nok blitt overvekt. 

Pause på returen. N.Y. neste. 

Mike - N3VOP - vart ein lang samtale på 146,52 MHz FM. Her køyrde vi forbi i 70mph. Seinare møtte vi han på ein kaffistogg. 

Glimt av bilparken. 

Artig finesse på vår Buick LaCrosse. Indikator i sidespegel for bilar i blindsona. 

Kvelden 17. mai. 

søndag 17. mai 2015

Dayton Hamvention -dag 2

I tillegg til litt meir inne i hallane, var det ein del å sjå på ute.

HF på sykkel går fint. Her Richard og ein Goldwing. 

8 m pisk går også fint når det er høgt under taket. 

Dupleksfilter for 6m - ikkje alt blir mindre med åra. Her er det fysiske lover som mikroelektronikken ikkje får gjort noko med. 

FDM DUO, eit spennande 8w QRP tilskot på sdr fronten. Knappe 10000,-  

 Ute i eit telt møtte vi ein glad gjeng frå Michigan, der ein av dei var utflytt nordmann LA6SG alias KE8CS Frode. Han vart både glad og overraska for norsk besøk. Dei kjem kvart år og sel litt gammalt 'junk'
LA5VX - LA4XNA - KE8CS - LA3NUA


Richard er i ferd med å bli overtalt til å kjøpe seg ein Yaesu FTM-400


lørdag 16. mai 2015

Dayton hamvention - Dag 1

Hello Dayton, here we come. 

Like før no. Politibil med raude og blå blink gjev eit hint om at her er det noko stort som skjer. Sjølv om det ikkje opnar før om eit kvarter, så er allereie dei beste P-plassane fulle. Og vi vert sende langt utpå bøen. 

Spent gløppar på veg inn i verdens største radioamatør messe. 

Berre entusiastar over allt. Men ikkje så mange damer. 

Young Ladies Radio Club finst rettnok. 

Little Tarheel 2 pakka litt ned i størrelse for bagasjen min. 


Frå ein av dei mange hallane. 


Richard finsjekkar MFJ porteføljen. 


Og delelager fann vi mange stader. 


Mykje nytt og kjekt utstyr. 

Artig brannbil hjå dei som passa på slikt. 


Attende på "hybelen". Kato - lucky loop - den lukkelige eigar av ein liten reise-magnetisk loop merkt alfaloop. Testa den på hotellrommet i 1. etg på 40m med 10w (med nyinnkjøpt yaesu ft-991) og med kjemperesultat mot Detroit. Vi vart imponerte alle tre. Vel anvendt $200. 

Men vi har mykje att. Fleire hallar og mange mål utandørs står for tur i morgon. 

fredag 15. mai 2015

Vi nærmar oss Dayton.


Mange gallons seinare. Vi har følgt austsida av Eiresjøen nedover forbi Colombus og slege leir i Springfield, Ohio. 

Her på super8 hotellet har vi bra utgangspunkt til Dayton ein halv time unna. 

Det er ein god del meir på 2m no. Aprs kartet viser også at vi nærmar oss kvepsebolet. 

Alle verstasjonane maskerar dessverre mobilstasjonane som strøymer til.

Stormsenteret:
 
Jepp. Vi er litt spente. 



onsdag 13. mai 2015

På fisketur i N.y.


Vi måtte sjølsagt under fossen og sjå. 

The American Fall



Horse Shoe Falls


Niagara falls

Turen til Dayton baud på ein omveg nord til Niagara Falls på grensa til Canada. Her ser ser vi Horseshoe Falls og over til Canada på andre sida. Mykje bygging og omlegging av parken heldt oss litt på avstand frå dei mest spektakulære utsiktspunkta denne gongen. 


Og om kvelden:

Utsikt mot brua og den andre fossen.

På vegen oppover til Niagara vart det omsider litt kontakt å få på 2-meteren. Tydelegvis ikkje så vanleg med framande gjester på repeaterane her, men det var gjensidig glede dei få minutta vi hadde samband i forbifarten. Her oppe i Niagara er det lite svar å få så langt, sjølv om vi ser det røyver seg på aprs kartet.

tirsdag 12. mai 2015

Fuel & burger

Blir litt på motorveien, men bra vêr. 

Og amerikanske trucks skuffar ikkje.